Rangert som verdas beste friidrettsutøvar

Det internasjonale friidrettsforbundet rangerer Karsten som verdas beste friidrettsutøvar.

Karsten har frå før av toppa verdsrangeringa for 400 meter hekk i 115 veker, men regjerer no også samanlagtlista på herresida.

På tampen av september er han inne i si tiande veke på topp.

Sterke prestasjonar over tid

World Athletics globale rangering baserer seg på ein snittskår av resultat i meisterskap, for ein bestemt tidsperiode. Den nye verdsrangeringa blei innført sommaren 2019 og favoriserer dei som konkurrerer og presterer ofte i store stevner. 

Karsten si fantomtid i OL-finalen i 400 meter, då han storma inn til både OL-gull og verdsrekord til tida 45,94, tilsvara 1241 poeng på poengtabellen. Adresseavisen viste til at dette var på nær høgde med Usain Bolt sin uslåelege sprintrekord vurdert ut frå poengtabellen i internasjonal friidrett.

Med ein skår på 1559 poeng følgjer den amerikanske Ryan Crouser (1553) og svensk-amerikanske Armand Duplantis (1553) like bak. 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

NYTT OG SPENNANDE SAMARBEID: SKAL FREMME BEREKRAFTIG INNVOASJON I FLYINDUSTRIEN

Neste
Neste

Publikum kåra Karsten til favoritt