Personvernerklæring
Om Karsten Warholm
Denne nettsida er eigd og dreven av:
Sunn Vekst AS på vegne av Karsten Warholm, Garsholhaugen 8, 6065 Ulsteinvik. Org.nr.: 920 136 753
Ansvarlig Telefon: 908 58 276 - Epost: kristine@kmanagement.no
Sunn Vekst AS er ansvarleg for at personopplysningar vert behandla på ein trygg og rett måte.
Kva informasjon vi samlar inn og kvifor
Når du tek kontakt via nettsida – til dømes gjennom kontaktskjemaet – lagrar vi dei opplysningane du sjølv sender inn, som namn, e-postadresse og melding. Dette brukar vi berre for å kunne svare deg og følgje opp henvendinga di.
Vi samlar også inn anonym trafikkdata via informasjonskapslar (cookies) for å forstå korleis nettsida blir brukt, slik at vi kan gjere ho betre over tid.
Vi lagrar ikkje fleire opplysningar enn vi treng, og vi slettar dei når dei ikkje lenger er nødvendige.
Informasjonskapslar (cookies)
Denne nettsida bruker informasjonskapslar for å:
få oversikt over tal på besøkande og kva sider som blir mest brukt
sjå kvar trafikken kjem frå
sikre at nettsida fungerer som ho skal
Dersom det blir brukt tenester som Google Analytics, vil informasjonen som blir sendt vidare vere anonymisert. Du kan sjølv endre eller slå av bruk av cookies i nettlesaren din dersom du ønskjer det.
Deling av informasjon
Vi deler ikkje personopplysningar med andre verksemder eller tredjepartar, med mindre det føreligg lovpålagd krav frå offentlege myndigheiter.
Anonym trafikkdata som blir samla inn gjennom analyseverktøy kan bli behandla av leverandøren av desse tenestene, men inneheld ikkje personopplysningar om deg.
Kontaktskjema og e-post
Når du sender inn ei melding via kontaktskjemaet, blir informasjonen din lagra så lenge det er nødvendig for å handtere henvendinga di.
E-postar vi får inn blir òg lagra så lenge det trengst for å følgje opp dialogen.
Vi bruker ikkje informasjonen til andre formål, og deler han ikkje vidare.
Dine rettigheiter
Du har rett til:
innsyn i kva opplysningar vi har lagra om deg
å få rette eller slette opplysningar
å protestere mot behandling
å få flytta opplysningane dine (dataportabilitet)
Dersom du ønskjer å bruke nokon av desse rettane, kan du kontakte oss på e-post: kristine@kmanagement.no.
Ansvarleg for personvern
Sunn Vekst AS er ansvarleg for at behandling av personopplysningar skjer i tråd med gjeldande regelverk. Har du spørsmål, ta kontakt: kristine@kmanagement.no