Om meg

Eg heiter Karsten Warholm og kjem frå Garsholhaugen i Ulstein kommune. Frå eg var 7 år har eg drive friidrett, klubben min har alltid vore Dimna IL.

2003 - 2013

I barne- og ungdomsåra var eg svært allsidig på friidrettsbana. Eg var med på så mange øvelsar som mogleg på dei ulike stemna lokalt og etterkvart nasjonalt. Dei fleste sprintøvelsane, hekk, lengde, tresteg og høgde var favorittane.

2013

Etterkvart starta eg å konkurrere i mangekamp. I 2013 blei eg U-18 verdsmeister i åttekamp i Donetsk i Ukraina. Det var ei fantastisk oppleving som ga meirsmak!

I mangekamp var kastøvelsar samt stavhopp mine største utfordringar.

2014

Eg hadde likevel ein plan om å satse på mangekamp. I 2014 blei eg nr. 10 i mangekamp under  U-20 VM i Eugene, Oregon og i 2015 vann eg sølv i mangekamp og i 400 meter flatt under U20 EM i Eskilstuna.

2015

I august 2015 flytta eg til Oslo.
Eg var framleis fast bestemt på å satse vidare på mangekamp. Før eg flytta, hadde eg inngått ein avtale med Leif Olav Alnes om å trene meg.

Leif Olav såg fort at det kunne vere lurt å gje 400 meter hekk ein sjanse. Han var sikker på at det ville bli ein god match, og var innstilt på å gje det eit forsøk.

Vi starta å trene spesifikt på 400 hekk vinteren 2016. Same året blei eg nummer 9 under OL i Rio.

Resten er ei fantastisk historie…..